Historie

Historie

Om oss

Starten 
I 1989 blei det starta ei ny husgruppe i Bryne frikyrkje. Medlemmene frå Bore og Sele hadde eit konkret kall om å vinna menneske for Jesus på Klepp. Pastor Bruno Jakobsen i Bryne frikyrkje var ein  sterk pådrivar og støttespelar for å starte ei ny kyrkje. Dette blei starten på det som skulle bli Klepp frikyrkje.
 
Etterkvart drog dei i gang med gudstenesteliknande møte på bedehusa i området. Dei hadde eit  brennande ønske om at folk skulle bli frelst. Dette skjedde også, menneske møtte Jesus og blei  med i fellesskapet.

Visjonen "Frelse - Fornying - Fellesskap" kom ganske tidleg til, ikkje som kyrkjestruktur, men som  eit verktøy for at menneske skulle bli frelst.  
Etterkvart flytta ein møta til Jæren folkehøgskule. Gudstenestene hadde ein klar profil og sosial  samling med kyrkjekaffi etterpå var allereie på plass. Folk blei inviterte inn i eit varmt fellesskap. 

1. påskedag 1996 - Kyrkje og kyrkjebygg 
I 1996 tok medlemmene i kyrkja eit stort steg ved å ta opp lån for å kjøpa nåverande kyrkjebygg i Jærvegen 545. Klepp frikyrkje blei formelt stifta 1.påskedag 1996. Det var også på denne tida ein  tok kontakt med Runar Landro, som blei den første pastoren i Klepp Frikyrkje.  

Dei første åra var det tilflyttarar eller nyfrelste som blei medlemmer i kyrkja. Seinare kom også  medlemmer frå andre fellesskap til Klepp frikyrkje. Menigheita vaks særleg gjennom Alpha-kurs  og målretta evangelisering.  

I 2003 var kyrkjebygget for lite. Ein starta då å ha gudstenestene på Klepp rådhus. Dette haldt ein fram med til 2010.

I dag 
I tillegg til storfellesskapet med gudstenester på sundagane, har smågrupper som vekstgrupper, bibelgrupper og huskyrkjer alltid vore viktige i Klepp frikyrkje. Det same gjeld  barne- og ungdomsarbeidet. 

Kyrkja har også opplevd ein særskilt tilvekst av folk frå andre land. Særleg gjeld dette ei stor  filippinsk gruppe, som kom til gjennom den internasjonale huskyrkja i kyrkja vår. 

I 2021 feira Klepp frikyrkje 25 år og det er framleis ei kyrkje med stort spenn på mange nivå. Me har mange barnefamiliar og stor breidde i nasjonalitet, alder og bakgrunn. 

Pastorar:

1997 - 2008   Runar Landro
2008 - 2012   Ola Ohm
2008 - 2017   Lars Magne Ropstad
2008 - 2017   Geir Børresen
2014 - 2019   Tor Bjarte Berge
2019 - 2022   Lars Kristian Heggebø
2022 - 2024   Torbjørn Stuvik Jakobsen (ansvarleg forstandar)
2024 - dd.       Bjørn Wang

 

 

Powered by Cornerstone