Bli med/Kaffidrøs og/eller spelekveld

Kaffidrøs og/eller spelekveld

Har du lyst til å bli kjent med fleire i kyrkja vår, i ei litt annleis setting?

Kaffidrøsen

Fleire gonger i året møtes smågrupper heime hos nokon til ein kaffidrøs. Ein kan velja om ein vil gå på besøk eller vera den som inviterer folk heim. Etter at ein har meldt seg på, blir det sett saman passande grupper, og ein får beskjed om kor ein skal gå på besøk.


Spelekveld

Den 19. kvar månad møtes vi i frikyrkja klokka 19:00. Då inviterer vi til spelekveld. Ta gjerne med eit brettspel om du vil!  Her er det berre å møta opp 😊 


Begge desse arrangementa er for alle aldersgrupper. Og ta gjerne med andre som har lyst til å bli kjende med kyrkja vår!

Velkommen!

Powered by Cornerstone