Velkommen heim

Klepp frikyrkje blei starta for å vere ein inkluderande familie kor stadig nye menneske får plass. Me lengtar etter å sjå at endå fleire menneske får møte Jesus, Han som er det beste som har skjedd oss. Me lengtar etter å sjå endå fleire menneske få vere ein del av familien vår, og endå fleire menneske som får det betre fordi me fins.

Klepp frikyrkje eksisterer for frelse, fornying og fellesskap. Det betyr at me ønsker at menneske skal få møte Jesus, bli fornya og få bli ein del av eit fellesskap som lengtar etter noko større enn berre oss sjølv. Me har eit spesielt fokus på småbornsfamiliar og utstøtte, og ønsker å utruste menneske til livet. Me har òg mykje fokus på ungdom.

 

For born, ungdom og unge vaksne:

For borna har me sundagskule tre gonger i månaden, og me ser mange born som har det bra i miljøet vårt. Me arrangerer òg leir for borna ein gong i året, og i 2020 hadde me 80 born på leir!

For ungdommane har me Sentrum annankvar torsdag som vårt ungdomsarbeid. Der er det mange ungdommar som går. Me starter med møte først, før me samlast til aktivitetar og kiosk. I tillegg har me òg konfirmasjonsopplegg saman med fleire frikyrkjer i området, samt Journey, som er eit arbeid likt konfirmasjonsopplegget, men for dei som går i 10. klasse og 1. vgs.

For studentar og unge vaksne har me Støyperiet éin sundag i månaden som eit lavterskel-tilbud for å skape miljø og samhald mellom jamnaldrande.

 

For familiar:

Velkommen til gudstenestane våre, der me har eige opplegg for borna. I tillegg har me nokre familiehuskyrkjer, og ønsker å starte fleire

 

For vaksne:

Velkommen til gudstenestane våre! Gjerne bli med i ei av huskyrkjene våre.

 

For alle:

I tillegg til dette har vi òg kafeen vår på måndagar, og mange andre ulike grupper.

Velkommen til å ta kontakt, og til å bli med i vår familie!

 

Husgrupper:

I vår familie ønsker me at alle skal få tilbud om å vere med i ei gruppe. Grupper handlar om å få lov til å dele frå livet, og få snakka, be og tilbe Gud saman. Gruppene våre er forskjellige, fordi alle menneske er forskjellige. Har du ikkje ei gruppe, så ta kontakt med kontoret og me vil prøve å finne ei gruppe for deg!

Powered by Cornerstone