Gå til påmelding!

Velkommen som konfirmant i frikyrkja! Frikyrkjene i Sør-Rogaland driv eit felles konfirmasjonsarbeid i Klepp frikyrkje. Dette året skal me utforska, spørra, vri tankane og leita etter Gud. Me trur at Gud ønskjer å bli kjent med oss som menneske, fordi me er skapt, elska og ønska av Han. Kva inneber ein relasjon med Gud – kva har dette å seia for deg og ditt liv? Gjennom dette konfirmantåret ønsker me å vera med deg på denne reisa, der me saman søker meir kunnskap om Gud. 

Opplegg:

Konfirmantarbeidet har opplegg kvar veke, og rullerer mellom undervisning og sosiale samlingar annakvar onsdag heile året. Me følgjer skuleruta, så når skulane har fri tek òg konfirmantarbeidet fri. Store delar av året bruker me undervisningsopplegget som heiter U-Alpha. Det inneber aktiv bruk av videosnuttar, PowerPoint-ar og humor.

 

Ein kveld kan fort sjå slik ut:

1. Ice-breaker/aktivitet

2. Info, pluss

3. Undervisning

4. Smågrupper

5. Mat og sosialt

 

Aktivitetar på dei sosiale samlingane kan vera:

  • Surfing
  • "Bli kjent"-leir
  • Rush trampolinepark
  • Grilling i skogen
  • Rebus
  • Gymsalaktivitetar
  • Londontur
  • "Den Heilage Ande"-døgn
  • Brettspel-kveld
  • "Pizza Masterchef"-konkurranse

 

Londontur:

Som ein del av konfirmantopplegget plar me kvart år å reisa til London. Der besøker me menigheiter som Holy Trinity (dei som starta U-Alphakurset) og Hillsong (verdsvid kyrkje med fokus på unge), men det blir òg god tid til musikal, sightseeing og shopping. Grunna COVID-19, er det for året 2021-2022 ennå ikkje fastsett om og kor me reiser. Eit alternativ er at det blir ein tur i Noreg.

 

Stad:

Undervisninga vil stort sett foregå i lokala til Klepp frikyrkje (Jærvegen 545, 4350 Kleppe). Dei sosiale samlingane skjer både i og utanfor kyrkja, men du vil alltid få beskjed om kor me skal vera.

 

Tider:

Me er i ein spesiell situasjon med COVID-19 i Noreg. Straks etter skulestart hausten 2021 vil det bli infomøte og foreldrefest. Konfirmasjonsgudstenesten blir siste sundag i april 2022.

 

Pris:

Pris for året totalt, er sett til 5000,- per person. Me sender ut rekning ved starten av konfirmasjonsåret, men betalinga kan òg delast i to omgangar om ein ønskjer det. Det kan også bli ein dugnad der konfirmantane kan samla inn pengar til året. Årsprisen dekker: Kveldsmat kvar samling, Londontur og weekendar, samt materiell. Om ein London-tur ikkje blir aktuell, vil me prøva å setta opp ein annan tur i Noreg, og eit evt. overskytande beløp vi bli betalt tilbake.

Bibelen som konfirmantane får utdelt ved starten av konfirmasjonsåret er ei gåve frå kyrkjelydane.

 

Må eg vera medlem i frikyrkja?

Konfirmantundervisninga er open for alle. Me har eit tydeleg fokus på kven Jesus er og kva det vil seia å følgja han. Ein kan òg følgja konfirmantundervisninga utan å konfirmera seg. Du treng heller ikkje vera døypt eller medlem av frikyrkja for å bli konfirmert hos oss. Me vil gjerne ha med ungdommar både med og utan bakgrunn frå frikyrkja. Har du ein kompis/venninne; spør om han/ho vil vera med!

 

Påmelding:

Meld deg på ved å fylla ut påmeldingsskjemaet som du finn på toppen og/eller botnen av denne sida.

 

Generell info:

Det er obligatorisk oppmøte på konfirmantsamlingane. Fråvær må grunngjevast. Konfirmantane må vera med på 5 gudstenester eller meir i løpet av året. (Sundagar kl 11). Presentasjonsgudsteneste og konfirmasjonsgudsteneste er inkludert i dei 5 gudstenestene. Har du spørsmål, ikkje ver redd for å ta kontakt: dag.tore.svendsvoll@gmail.com. Me er også på facebook.

 

Me gler oss til eit bra år saman!

Helsing

Dag Tore Svendsvoll

(Leiar av konfirmantarbeidet til frikyrkjene i Sør-Rogaland)

Påmelding til konfirmantåret 2021/2022


Informasjon om konfirmanten









 

Powered by Cornerstone