Dette året skal me utforska, spørra, vri tankane og leita etter Gud. Me trur at Gud ønskjer å bli kjent med oss som menneske, fordi me er skapt, elska og ønska av Han. Kva inneber ein relasjon med Gud – kva har dette å seia for deg og ditt liv? Gjennom dette konfirmantåret ønsker me å vera med deg på denne reisa, der me saman søker meir kunnskap om Gud.
Konfirmantarbeidet har opplegg kvar veke, og rullerer mellom undervisning og sosiale samlingar annakvar onsdag heile året. Me følgjer skuleruta, så når skulane har fri tek også konfirmantarbeidet fri. Store delar av året bruker me undervisningsopplegget som heiter U-Alpha. Det inneber aktiv bruk av videosnuttar, PowerPoint-ar og humor.
|
|
Som ein del av konfirmantopplegget plar me kvart år å reisa til London. Der besøker me menigheiter som Holy Trinity (dei som starta U-Alphakurset) og Hillsong (verdsvid kyrkje med fokus på unge), men det blir også god tid til musikal, sightseeing og shopping.
Undervisninga vil stort sett foregå i lokala til Klepp og Bryne frikyrkje (Jærvegen 545, 4350 Kleppe / Ole Tjøttas veg 1, 4340 Bryne). Dei sosiale samlingane skjer både i og utanfor kyrkja, men du vil alltid få beskjed om kor me skal vera.
Straks etter skulestart om hausten vil det bli infomøte og foreldrefest. Konfirmasjonsgudstenesten er vanlegvis siste sundag i april.
Pris for året totalt, er sett til kr 1500,- per person og kr 7000,- for Londonturen, totalt kr 8500,-.
Totalprisen dekker: Kveldsmat kvar samling, Londontur og weekendar, samt materiell.
Om ein London-tur ikkje blir aktuell, vil me prøva å setta opp ein annan tur i Noreg, og eit evt. overskytande beløp vi bli betalt tilbake.
Bibelen som konfirmantane får utdelt ved starten av konfirmasjonsåret er ei gåve frå kyrkjelydane.
Me sender ut link til Checkin i løpet av konfirmasjonsåret, og betalinga kan delast opp i fleire innbetalingar.
Det kan også bli ein dugnad der konfirmantane kan samla inn pengar til året.
Konfirmantundervisninga er open for alle. Me har eit tydeleg fokus på kven Jesus er og kva det vil seia å følgja han. Ein kan og følgja konfirmantundervisninga utan å konfirmera seg. Du treng heller ikkje vera døypt eller medlem av frikyrkja for å bli konfirmert hos oss. Me vil gjerne ha med ungdommar både med og utan bakgrunn frå frikyrkja. Har du ein kompis/venninne; spør om han/ho vil vera med!
Meld deg på ved å fylla ut påmeldingsskjemaet som du finn på toppen og/eller botnen av denne sida.
Det er obligatorisk oppmøte på konfirmantsamlingane. Fråvær må grunngjevast. Konfirmantane må vera med på 5 gudstenester eller meir i løpet av året. (Sundagar kl 11). Presentasjonsgudsteneste og konfirmasjonsgudsteneste er inkludert i dei 5 gudstenestene. Har du spørsmål, ikkje ver redd for å ta kontakt: dag.tore.svendsvoll@gmail.com. Me er også på facebook.
Me gler oss til eit bra år saman!
Helsing
Dag Tore Svendsvoll
(Leiar av konfirmantarbeidet til frikyrkjene i Sør-Rogaland)