Bli med/Velkommen til gudsteneste hos oss!

Velkommen til gudsteneste hos oss!

Gudstenestane våre er ein stad der me møtast for å søke Gud saman. Her får me både høyre evangeliet, bli fornya, møte andre, og bli vidare utrusta til teneste. På gudstenestane får me òg, i takksemd, svara på Guds kjærleik til oss i lovsong og bøn. Når møtedelen er ferdig, samlast me alltid til kyrkjekaffi for ein god drøs. Gudstenesta er for oss ein måte å leve ut visjonen vår på: frelse, fornying, fellesskap. Gudstenesta er møtepunktet i veka der me kjem saman alle mann alle og er det eine av dei to beina som forsamlinga vår står på.

 

På gudstenestane våre vil du som oftast treffe på folk i alle aldrar med stor breidde både i nasjonalitet og bakgrunn. Gudstenestane kan sjå forskjellige ut, men du vil alltid finne igjen lovsong, bøn, Guds Ord, kollekt og forbøn for bygd, land og folk.

 

Kjem du til ein vanleg gudsteneste, vil du sjå at alle aldrar er saman i første del av gudstenesta. Etter ei kortare samling felles, vil borna opp til og med 8. klasse gå til sundagsskule. Me kallar sundagsskulen vår Kontakt, og me har minikontakt (før skulealder), K1 (1.-4. klasse) og K2 (5. klasse og oppover). Nokre sundagar har me òg ei eiga samling for ungdommar (K3).

Andre sundagar vil du sjå at me har noko me kallar alle-mann-alle-gudsteneste. Då samlast me alle-mann-alle under heile gudstenesta, unntatt under sjølve talen, då det er dei vaksne som «går på sundagsskule», før me igjen avsluttar felles.

Eit par gonger per semester har me òg familiegudsteneste. Då er alle aldersgrupper saman under heile gudstenesta.

 

Du vil òg kunne møte ulike uttrykk i musikk og lovsong på gudstenestane våre. Me har både vaksne, born og ungdommar som har ansvar for dette ulike sundagar. Ein gong i månaden delar me òg nattverd saman. Nattverden er ein invitasjon frå Jesus om å ha ein relasjon med Han, der du får ta imot Jesus på ein heilt konkret måte. Du er like velkommen på gudstenesta om du ønsker å delta på dette eller ikkje, og du kan kjenne deg heilt fri til å gå fram og ta imot brød og vin, eller å sitte igjen.

 

Gudstenestane våre startar alltid kl. 11:00. Då vil det stå nokon i døra og ønske deg velkommen inn og gje deg ein plass i salen. Vi håpar du føler deg velkommen og finn deg til rette hos oss – her er det plass for alle!

Powered by Cornerstone