23. september 2017
Gjevartenesta blir lagt om!
Minimer
Gjevartenesta blir lagt om!

Klepp Frikyrkje lever i stor grad av gåver frå privatpersonar.  Vi får noko i offentleg støtte frå stat og kommune, men er avhengig av at privatpersonar som ser på seg sjølv som ein del av menigheten bidrar.

Kjære deg som er fast gjevar eller som enno ikkje er det,

Til no har gjevarane våre hatt faste trekk frå sin konto som har kome inn til oss, men vi vil frå 1. januar 2018 gå over til ei ny løysing der gjevarane våre får Avtalegiro rett i nettbanken slik ein får med mange rekningar i dag.  Til det har vi engasjert Solidus AS, som spesialiserer seg på gode løysingar for gjevarteneste.

For å få dette til, har vi to alternativ: Nye og gamle gjevarar kan registrere seg med Bank-ID på denne nettsida.  Eller ein kan laste ned skjema på linken under, sende det til Frikyrkja og merke med Gjevarteneste.

Vi veit at gjevarane våre er opptekne av anonymitet, og denne løysinga vil gjere dette endå betre enn i dag.  Vi håpar at både nye og gamle gjevarar vil vere med! På forhånd takk for gåva du vil gi!





   |   
Copyright 2017 Frikirken