23. september 2017
Visjon
Minimer

Visjon

Klepp Frikyrkje er kalt til å være ei kyrkje for:

Frelse         

Vi opplever et særleg kall til å arbeide blant unge familiar og fråfalne.

… han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna. (1. Tim. 2.4)

Fornyelse

Vi vil utfordre til personleg åndeleg vekst, og har som mål at menneske skal førast fram til å bli aktive Jesu disiplar, som bruker både sine natur- og nådegåver samt økonomiske midler til beste for menigheten og dei ufrelste.

… men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne. (Rom 12.2b)

Fellesskap

I ei tid der relasjonar mellom menneske blir splitta, vil vi utfordre til forpliktande fellesskap, der omsorg blir vist i praktisk handling.

Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. (Apgj. 2.44)

 

 

Angåande frelse    

Vi trur at vår oppgave i samband med dette er å dele dei gode nyhenda, evangeliet, med andre, medan det kun er Gud som kan frelse!

Vi trur at relasjonar gir det beste utgangspunktet for å dele evangeliet med andre menneske.

Vidare trur vi at gode gjerningar, gjort i kjærleik, opnar menneske for sanninga i evangeliet.

Vi trur at kyrkja må finne eit språk og en måte å vere på som til ei kvar tid er tilpassa den lokale kulturen for på beste måte å hjelpe menneske til tru.

Angåande fornyelse        

Vi trur at Guds ord forkynt i Ande og sanning skaper fornyelse.

Vidare trur vi at den enkelte kristne treng eit rikt personlig gudsliv, der bibel og bøn gir trua næring og gode vekstvilkår.

Vi trur at Gud suverent til ulike tider og på ulike stader, sender sin Ande til fornyelse og forandring. Vi vil difor vere opne for Hans nærvær i bibelsk sunne fornyingsrørsler.

Angåande fellesskap       

Vi trur at kristne treng eit aktivt forhold til eit levande fellesskap for å vekse i trua.

I dette fellesskapet er gudstenester med relevant bibelsk forkynning og levande lovprisning grunnleggande.

Vidare trur vi at mindre fellesskap med vekt på bøn, omsorg og utvikling av nådegåvene høyrer med.



   |   
Copyright 2017 Frikirken